Ta neste steg i karrieren med berekraft som konkurransefortrinn

Foto: FN 2024

Har du nokon gong tenkt på korleis du kan bidra til ei meir berekraftig framtid, samstundes som du styrkar din eigen karriere? No har du sjansen!

Vi i Sogn Kompetanse er stolte av å kunne tilby deg ein gåvepakke – heile 50 % rabatt på studieavgifta for vårt emne i berekraft. Dette tilbodet gjeld for deg som bur- eller jobba i bedrift i frå i Sogndal, Vik, Luster, Aurland, Lærdal eller Årdal.

Kvifor bør du melde deg på?

Verda er i rask endring, og berekraft er ikkje lenger berre eit moteord – det er ein naudsynt del av både politikk og næringsliv. Uansett kva bransje du jobbar i, vil ei djupare forståing av berekraft gi deg eit fortrinn. Vårt emne i berekraft gir deg verktøya du treng for å forstå og integrere berekraftige prinsipp i ditt daglege arbeid, anten du jobbar i privat eller offentleg sektor.

Kva lærer du?

Emnet dekker alt frå FNs berekraftsmål til praktiske tiltak for å redusere utslepp og forbetre forsyningskjeder. Du vil få ei innføring i korleis berekraft kan brukast som eit strategisk verktøy, lære å setje opp sirkulære forsyningskjeder, analysere kost-nytte i berekrafttiltak, og berekne utslepp. Denne kunnskapen vil gi deg ein sterkare posisjon i dagens arbeidsmarknad, der forståing av berekraft er stadig meir ettertrakta.

Korleis kan dette styrke karrieren din?

Sjølv om dette emnet ikkje er ei full utdanning, vil det gi deg verdifull kompetanse som du kan ta i bruk med ein gong i din noverande jobb. Det er eit steg i retning av å bli ein viktig bidragsytar til det grøne skiftet i di verksemd. Du vil bli rusta til å delta i prosjekt som fokuserer på berekraft som konkurransefortrinn, og du vil utvikle ei etisk grunnhaldning til miljøspørsmål som kan inspirere både deg sjølv og dine kollegaer.

Dette emnet kan også inngå i vidare fagskuleløp, som Arbeidsleiing, og det kan såleis vere ein viktig del av di vidare karriereutvikling.

Ikkje gå glipp av denne unike moglegheita!

Vi veit at investering i utdanning er eit stort val, men med vår sponsing av 50 % av studieavgifta, blir det enklare enn nokon gong å ta steget. For berre 5 250 kr får du verdifull kompetanse som kan løfte både din karriere og ditt bidrag til samfunnet.

Sikre deg ein plass i dag, og bli ein del av framtidas berekraftige næringsliv!

For å lese meir om emnet, og kanskje vil du til og med melde deg på, brukar du denne linken: https://www.sognkompetanse.no/alle-studietilbud/bærekraft

Det kan og vere mogleg å søkje BIO-midlar frå Vestland Fylkeskommune, om ein ønskjer å få dekke inn restavgifta på kr. 5250,-. 

Her finn du informasjon om dette. Siste frist for innsending av søknadar i 2024 er 1.oktober.  

https://www.vestlandfylke.no/narings--og-samfunnsutvikling/kompetanse-i-arbeidslivet/utlysing-av-bio-midlar/

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Eit nytt kapittel for studiesentera i Vestland: SIV nettverket