Om oss

Sogn Kompetanse blei oppretta i 2021 med eit ynske om å utvikla eit kompetansesenter for heile Sogn, med base i Årdal. 

I ei tid der krava til produktivitet og det grøne skiftet aukar, blir kompetanse stadig viktigare for industrien og næringslivet. Teknologi gir nye moglegheiter og stiller nye krav, samtidig som det blir meir utfordrande å rekruttera rett kompetanse.

Sogn Kompetanse er dedikert til å møta desse utfordringane ved å heva kompetansenivået i regionen.

Sogn Kompetanse blei opphavleg eigd 100% av Årdal Utvikling, men er no eigd av Årdalsnett, Årdal Utvikling, Agnitio og Årdal Næringsskipnad.

Vi har etablert eit studiesenter for desentralisert utdanning i regionen, med studiestover i alle kommunane. Vår målsetjing er å vera til stades i alle kommunane, arrangera kurs for alle verksemder, leiga inn føredragshaldarar, og skreddarsy tilbod etter behov.

Vi arbeider for at alle verksemder i Sogn skal kunna heva kompetansenivået til sine tilsette.

"Livslang læring, uavhengig av kvar du bur eller kva livssituasjon du er i"

- Hurdalsplatforma

Nettverket Studiesentera i Vestland (SIV)  

Studiesentera i Vestland (SIV) beståande av HVK Studiesenter​, StudieHub – Fjordane Studiesenter​, Studiesenter Kysten​ og Sogn Kompetanse har samla seg i eit koordinerande nettverk. Til saman representerer SIV 23 kommunar i Vestland og kring 160 000 innbyggarar. SIV er ikkje ei formell og fysisk eining, men eit fellesskap.  

Målet med SIV er å styrke oss som éin aktør ved å inngå eit strategisk samarbeid om utvikling og gjennomføring av kompetansetiltak, kompetansedeling og profilering i våre regionar. Vidare fungerer SIV som eit fellesskap opp mot relevante samarbeidspartnara.