Vi har åpnet Studentstova i VIK!

Tre personer som sitter i sofa i studenstova.

Foto: Frida Pedersen Bekkestad, Sogn Næring

Den 13. september opna vi dørene til den splitter nye Studenstova i Vik, eit samlingspunkt for studentar og lokalbefolkning. Med dette nye tilskotet ønskjer vi å skape eit inkluderande og inspirerande miljø for læring og samvær.

Etter å ha sett behovet for eit felles samlingsstad for studentar og innbyggjarar i Vik, bestemte vi oss for å ta initiativet. Gjennom tett samarbeid med Sogn Næring og Vik kommune har vi skapt ein stad som skal fremje fellesskap, kunnskap og trivsel.

Studenstova er utstyrt med to leseplassar med skjermar og tilkoplingsmoglegheiter for pc/mac, ein triveleg kjøkkenkrok og rom for sosiale aktivitetar – alt lagt til rette for ein aktiv og lærande kvardag. Vi i Sogn Kompetanse er overtydde om at Studenstova kan bli ein viktig del av utdanningslandskapet i regionen. Det er ikkje berre ein stad for læring, men òg for vekst, fellesskap og inspirasjon. Vi gler oss til å kunne tilby dette til endå fleire studentar i tida som kjem.

Kven er Studenstova for? Jo, ho er for ALLE som er studentar – enten du tek ei utdanning gjennom Sogn Kompetanse, eller du er ein student med tilknyting til Vik. Kanskje du skriv ei masteroppgåve for ei bedrift i Vik? Då kan du også booke deg ein plass her!

Kvar finn eg Studenstova då, lurer du kanskje på? Ho ligg i FUS sitt kontorfellesskap, Sentrumsgata 38, 6893 Vik i Sogn. I kort gangavstand frå FUS ligg Blix Hotell og Ostebaren, der ein kan kjøpe både lunsj og middag.

Vi gler oss til å ønskje alle velkomne til Studenstova i Vik! Tusen takk til alle som har bidrege til å gjere dette mogleg. Vi ser fram til å skape mange gode minne saman i tida framover.

Vil du vite meir om Studentstova og korleis du kan bruke den?

Ta kontakt med oss i Sogn Kompetanse, og vi hjelper deg gjerne med informasjon og råd om korleis du kan dra nytte av dette unike tilbodet.

Du kan også lese meir om tilbodet vårt, samt booke deg ein leseplass her: https://www.sognkompetanse.no/studenstove

Neste
Neste

Studentstova: Ein møteplass for Læring og fellesskap i Sogn