Forvaltningslova er ei av berebjelkane i norsk forvaltningsrett og legg grunnlaget for korleis styresmaktene utøver makta si i møte med enkeltpersonar og samfunnet som heilskap.
Dette kurset gir deg ei djupare forståing av føresegner i forvaltningslova og korleis dei kan omsetjast til praktisk handling. Du vil lære korleis regelverket sikrar openheit, likebehandling og rettstryggleik, samtidig som du får innsikt i kva krav som blir stilte til dokumentasjon, habilitet og partar sine rettar.
Gjennom dette kurset ønskjer vi ikkje berre å styrkje kunnskapen din om lova, men også å utvikle evna di til å bruke ho som eit verktøy for å fremje godt forvaltningsarbeid. Ved å setje fokus på alt frå saksførebuing til klagehandsaming, vil du bli betre rusta til å navigere i komplekse problemstillingar, møte innbyggjarane sine forventningar og bidra til at offentleg forvaltning blir opplevd som rettferdig og tilgjengeleg.
Kurset blir gjennomført digitalt, og du kan delta frå eigen PC. Lenke til oppkopling finn du på kurssida.
Innhald
• Introduksjon til forvaltningsrett
• Saksbehandlingsprinsipp og god forvaltningsskikk
• Omgrepa vedtak, enkeltvedtak, forskrift og part
• Habilitetsreglane i forvaltningslova og kommunelova (2018)
• «Servicereglane» i §§ 11 og 12
• Reglane om teieplikt i forvaltningslova
• Parten sin rett til dokumentinnsyn, inkludert GDPR og folkevalde sine innsynsrettar etter kommunelova
• Krav til enkeltvedtak: oppsett og språkleg innhald
• Klage på forvaltningsvedtak
• Kort om forslag til ny forvaltningslov (NOU 2019:5)
Kurshaldar
Kurt O. Bjørnnes
Forelesar Kurt Bjørnnes er advokat MNA og har eigen praksis i Skudeneshavn. Han har gjennom mange år utvikla og gjennomført undervisningsoppdrag for kommunar, fylkeskommunar, helseføretak, direktorat og departement. I tillegg har han hatt undervisningsoppdrag gjennom Høgskulen Innlandet og har brei prosess- og prosedyreerfaring.
Kursavgift
Kr. 2490,-
Påmeldingsfrist
03.12.2024