Tilbake til alle arrangementer

Nettverkslunsj

  • Årdal Teknologipark Verksvegen 5 6884 Øvre Årdal Norge (kart)

Velkomne til ny nettverkslunsj, med tema sopp og nye arbeidsplassar!

Tysdag 4. mars er Tone Berge, administrerande direktør i Biospinout One, på plass i Årdal for å lære oss meir om korleis miljøgift og plast i fallunderlag på leikeplassar kan byttast ut med sopp, og korleis denne berekraftige løysinga er knytt til teknologibygda.

Vi får høyre meir om samarbeidet mellom Årdal Utvikling/Sitep og BioSpinout One og kva dette kan bety for framtidige, lokale arbeidsplassar i regionen vår. 

Nettverkslunsjen er eit samarbeid mellom Årdal Utvikling, Sogn Kompetanse og Sitep, og er eit sosialt og uformelt møtepunkt med fagleg påfyll, og ein møteplass for nettverksbygging på tvers av bransjar i regionen.

I 2025 vil nettverkslunsjane våre handle om Årdal og regionen inn i framtida med tema som famnar om det grøne skiftet, nye næringsprosjekt, kompetanseheving og omstilling. 

Siste frist for påmelding er 2. mars:

Vi står for lunsjen - alt du treng å gjere er å melde deg på via skjemaet nedanfor.

Forrige
Forrige
3. mars

Løfteredskap 2.3 (G11), bro- og traverskran G4 modul 2.7 og 3.7 m/fadderopplæring i bedrift

Neste
Neste
7. mars

FSE-kurs