Helseleiarutdanning
Nøkkelinformasjon
Tilbyder: Høgskulen i Innlandet
Studiepoeng: 90
Søknadsfrist: 1 jun, 2025
Oppstart: 1 sept, 2025
Omfang: Deltid over 6 år. Fleksibelt studie, og studenten kan hoppe inn og ut av studieløpet.
Undervisning: Samlingsbasert fysisk i region Sogn
Innhold og oppbygging
Studiet består av eit årsstudium i leiarutdanning innan helse- og omsorgstenesta, sett saman av åtte emner á 7,5 studiepoeng kvar, samt to emner á 15 studiepoeng kvar. Utdanninga er praksisretta og deltidsbasert over 6 år, med eitt emne per semester (dei to store emnene á 15 studiepoeng, går over to semester kvar). Kvar emne inneheld to fysiske samlingar i regionen.
Emna inkluderer:
Ledelse av myndiggjorte medarbeidere og utvikling av personlige lederferdigheter
Strategisk HRM: kompetanseplanlegging, -ledelse og -utvikling
Virksomhetens økonomistyring
Samhandling, kommunikasjon og forhandlingskompetanse
Juss for ledere i helse- og omsorgstjenesten
Innovasjonsledelse i helse- og omsorgstjenesten
Kvalitetsledelse i helse- og omsorgstjenesten
Håndtering av konflikter og kriser i et ledelsesperspektiv for helse- og omsorgstjenesten
Læringsutbytte
Studentane vil utvikle:
Kompetanse til å leie komplekse organisasjonar med krav til tverrfagleg samarbeid.
Ferdigheiter i å reflektere over eigen leiarpraksis.
Kunnskap om strategisk HRM, økonomistyring, og innovasjonsleiing.
Evner til å fremje innovasjon og kvalitetsutvikling i organisasjonane sine.
Kompetanse som bidreg til rekruttering, godt arbeidsmiljø og effektiv ressursutnytting.
Krav til forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller opptak på grunnlag av realkompetanse.
Gyldig politiattest.
Undervisnings- og læringsformer
Praktisk tilnærming med veksling mellom teori og praksis.
Samlingsbasert undervisning med to fysiske samlingar per emne.
Fokus på kunnskapsbasert arbeid, samhandling og systematisk leiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på dei fysiske samlingane for kvart emne.
Gjennomføring av oppgåver og prosjekt knytt til emna.
Vurderingsform
Vurderingsformene kan variere mellom emna, men inkluderer sannsynlegvis skriftlege oppgåver, prosjektarbeid, og munnlege presentasjonar. Detaljer om vurderingsformene for kvart emne vil bli gitt i studieplanane for utdanninga.