FSE-kurs

 
 

Nøkkelinformasjon

Godkjent FSE-opplæring for deg som jobbar med elektriske anlegg. Hald deg oppdatert slik at du og dine kollegaer får ein trygg arbeidsdag.

 


Dette kurset skal gi deltakarane ei bevisst haldning til elsikkerhet, slik at antall personskader og materielle skader kan reduserast. Det vil også bli gitt praktisk øving i førstehjelp (HLR) på personell som har blitt utsett for ulukker forårsaka av elektrisk straum.

Innhald og struktur

  • Rolla «Leder for sikkerhet (LFS)» og «leder for kobling (LFK)»

  • Rolla «Ansvarlig for arbeid (AFA)»

  • Oppbygging og innhald i FSE

  • Gjennomgang av sentrale paragrafar i FSE

  • Kvifor forskrift om tryggleik ved arbeid i og drift av lågspenningsanlegg og høgspenningsanlegg?

  • Straumgjennomgang og lysbogeskader

  • Sentrale ulukkesstatistikkar

  • Den menneskelege faktor

  • Tryggleiksfilosofi

  • Verneutstyr

  • Framferd på skadestad

  • Prioritering og behandling

  • Fallskader

  • Elektriske skader

  • Straumgjennomgang (rytmeforstyrringar i hjarte)

  • Lysbogeskader

  • Brannskader

  • Korleis HLR blir utført (teori og praksis)

  • Bruk av hjartestartar

  • Dei mest alminnelege akutte sjukdommar

  • Alminnelege reaksjonar når krisesituasjonar oppstår

Kurset tilfredsstiller myndigheitene sine krav til teoretisk oppdatering i henhald til §7 i FSE, med unntak av nedfiring. Det skal ikkje vere meir enn 12 måneder mellom kvar opplæring jfr. §7 i FSE og kursplan frå Norsk førstehjelpsråd.

Målgruppe:

Elektro- og automasjonspersonell som arbeider i og vedlikeheld elektriske anlegg. 

Varighet:

1 dag

Pris:

På førespurnad. Pris avheng av stad, antall deltakarar, etc.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

NEK - 400

Neste
Neste

Personløftar og fallsikring