Personløftar og fallsikring

 
 

Nøkkelinformasjon

Dette kurset dekkar ei grundig opplæring i sikker bruk av bru- og traverskraner. Kurspakken inkluderer:

  1. Modul 2.3 G11 – Løfteredskap: Teoretisk opplæring i bruk av løfteredskap.

  2. Modul 2.7 G4 – Fagdel med teori og prøve: Teori om bru- og traverskraner, med avsluttande prøve.

  3. Modul 3.7 G4 – Grunnleggande praktisk bruk: Praktisk opplæring i bruk av kraner.

 


Dette kurset gir ei omfattende opplæring for dei som skal arbeide med bru- og traverskraner, samt løftereiskap. Kurset er inndelt i fleire modular som dekker både teoretisk og praktisk opplæring.

Innhald og struktur

G11 Stroppe- og anhukerkurs (Modul 1)

Dette kurset gir deg grunnleggande kunnskap om tryggleik, dagleg kontroll, vedlikehald og kasseringsreglar for ulike løftereiskap. Du vil også lære gode rutinar for sikring av last og signalgiving, samt bli bevisst på farer og korleis unngå dei. Dette kurset er ein føresetnad for vidare kurs om kran.

Emner i G11 inkluderer:

  • Introduksjon til løftereiskap

  • Oppbygging, merking og sertifisering av løftereiskap

  • Ulike typar løftereiskap og arbeidsutstyr

  • Løftetabeller

  • Signal og teikn

  • Praktisk bruk av løftereiskap

G4 Bry- og traverskran (Modul 2.7 og 3.7)

Dette grunnkurset gir deg ei grundig innføring i riktig bruk av traverskraner, noko som er avgjerande for tryggleiken til både kranføraren og andre involverte i løfteoperasjoner.

Emner i G4 inkluderer:

  • Innleiing med krav til førar

  • Bruksområder for traverskraner

  • Ulukker med bru- og traverskraner

  • Oppbygging av ulike typar kraner

  • Elektrisk anlegg på bru- og traverskraner

  • Tryggleiksbrytarar

  • Ståltau/blokk

  • Sertifisering og dokumentasjon

  • Kontroll og vedlikehald

  • Hovudkomponentar og kontrollpunkt

  • Overlasttryggleiksutstyr

  • Praktisk bruk av løftereiskap

  • Køyreteknikk

Kursvarigheit og avslutning

Kurset varar totalt 40 timar og blir avslutta med ein teoretisk prøve for begge modulane. For dei som ønskjer praksis i ei opplæringsbedrift, inkludert oppkøyring, tilkjem eit pristillegg på kr 8000,-. Minst 5 deltakarar er nødvendig for gjennomføring. Kun oppkøyring medfører eit tillegg på kr 1500,-.

Målgruppe:

Kurset er tilpassa arbeidarar som skal operere bru- og traverskraner og treng grunnleggjande og videregående opplæring innan dette feltet.

Varigheit: 

4 dager

Pris:

Kr. 12 500 eks. mva. Inkludert lunsj alle dagar.

Kurset krev at det er minimum 5 påmelde, for at det skal bli halde.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

FSE-kurs

Neste
Neste

Varme arbeid