Varme arbeid
Nøkkelinformasjon
Forsikringsbransjen i Noreg stiller krav om at alle som utfører varme arbeid har eit sertifikat som dokumenterer at ein har gjennomgått godkjent opplæring.
Sogn Kompetanse tilbyr kurs i varme arbeid til alle som utfører varme arbeid der forsikringsselskapa eller andre stiller krav om sertifisering. Kurset er tilpassa krava frå forsikringsbransjen, og vert gjennomført av godkjende instruktørar med evne til å undervise på ein enkel, interessant og fengande måte.
Opplæringa omfattar ei innføring i varme arbeid som brannårsak, og nødvendige tryggingstiltak under utføringa av varme arbeid.
Følgande emner blir m.a. gjennomgått:
– Varme arbeid som brannårsak
– Brannteori
– Brann og brannslukking
– Val av slukkemidler
– Førstehjelp ved brannskadar
– Aktuelle lover, forskrifter og reglar
– Tryggingstiltak før, under og etter arbeid
Inkludert slokkeøving.
Sertifikatet er gyldig i Norge, Finland og Danmark i 5 år før det må fornyes.
Målgruppe:
Alle som utfører varmt arbeid; sveising, skjæring, sliping, vinkelsliping, taktekking med åpen flamme, bruk av varmluftsverktøy og annen bruk av åpen ild.
Varigheit:
1 dag
Pris:
Kr. 2900 eks. mva. Inkludert lunsj.
Kurset krever at det er minimum 5 påmelde, for at det skal bli halde.