Arbeidsleiing
Nøkkelinformasjon
Tilbyder: Folkeuniversitetets Fagskole
Studiepoeng: 60
Søknadsfrist: 14. april 2025
Oppstart: 1. oktober 2025
Omfang: Deltid over 2 år
Undervisning: Digitalt- og samlingsbasert fysisk i region Vestland
Innhold og oppbygging
Studieprogrammet Arbeidsleiing er på 60 studiepoeng. Utdanninga er på to år på deltid. Dette er styrande for innhald i og oppbygging av studieprogrammet. Det blir stilt aukande og meir fagspesifikke krav til studenten utover i studiet med omsyn til arbeidsinnsats, kunnskap og ferdigheiter. Dette gjenspeglar seg i innhaldet og omfanget av litteraturen, i forventa studentaktivitet i undervisninga, og i dei krava som blir stilt ved frivillige øvingar, obligatoriske arbeidskrav og eksamen.
Studiet er organisert for å få best mogleg samanheng mellom dei kunnskapane og ferdigheitene studenten skal tileigne seg, og undervisninga som blir gitt, øvingane undervegs og avsluttande eksamenar/vurderingar. I studiet blir det lagt vekt på ein god balanse mellom teoretisk kunnskap og høve til utvikling av praktiske ferdigheiter gjennom gruppe- og prosjektoppgåver, og undervisning og rettleiing i mindre grupper.
Emna inkluderer:
1-20 ARBL Organisasjon, ledelse og administrasjon
3-20 ARBL Kommunikasjon
2-20 ARBL Økonomistyring
4-20 ARBL Teamarbeid og operativ ledelse
5-20 ARBL Digitalisering og endringsledelse
7-20 ARBL Valgfritt emne enten strategi, prosjektledelse eller HR/arbeidsrett
6-20 ARBL Faglig fordypning/prosjektoppgave med etterfølgende muntlig prøving
Læringsutbytte
Etter fullført utdanning skal kandidaten ha et kunnskaps- og ferdighetsnivå som tilfredsstiller de krav som samfunnet stiller til yrkesetisk og faglig forsvarlig yrkesutøvelse i stillinger hvor det er krav til lederkompetanse på fagskolenivå.
Opptakskrav
Opptak til Arbeidsleiing blir gjort éin gong i året til haustsemesteret.
Opptakskrav:
fagbrev, sveinebrev eller vitnemål frå vidaregåande skule med yrkesfaglege programfag.
generell studiekompetanse.
realkompetanse.
vilkårsbunde opptak (du skal ta fagprøva/sveineprøva i løpet av komande haust).
Opptak for søkjarar med utanlandsk utdanning/anna morsmål enn norsk
Søkjarar med utanlandsk utdanning må ha kvalifikasjonar på nivå 4 i NKR. Dei faglege kvalifikasjonane må tilsvare kvalifikasjonane i utdanningsprogrammet for vidaregåande opplæring som krevst for opptak til denne utdanninga.
Søkjarar med anna utdanning enn norsk eller nordisk vidaregåande opplæring må dokumentere kunnskapar i norsk tilsvarande Norsk vg1 studieførebuande, Norsk vg2 yrkesfaglege studieprogram eller bestått Test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»).
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Ved opptak på grunnlag av realkompetanse må søkjaren kunne dokumentere realkompetanse tilsvarande det formelle opptakskravet. Søkjarar som er 23 år eller eldre i opptaksåret, kan bli tekne opp på grunnlag av tilsvarande realkompetanse.
Undervisnings- og læringsformer
Studentane skal vurderast i løpet av studiet og på slutten av studieåret. Vurderingsformene skal vere varierte og nært knytt til måla for studiet. Vurderingane undervegs omfattar øvingsoppgåver og prosjekt-/semesteroppgåver. Dei avsluttande eksamensformene omfattar skriftleg heimeeksamen, munnleg eksamen og ein heimeeksamen/prosjektoppgåve med ei etterfølgjande munnleg prøve.
Utdanninga er basert på undervisningsmetoden «omvendt undervisning». Som førebuing til samlingane, får studentane ulike digitale verktøy (filmar, PP-presentasjonar, lydfiler, fagtekstar, quiz og oppgåver). I samlingane vil tema, som studentane har gjennomgått, danne grunnlag for praktisk oppgåvetrening og dialog/refleksjon og arbeid i grupper. Det er også gjennom heile studieløpet tilrettelagde kurs og andre aktivitetar med særleg vekt på ferdigheitstrening. I samsvar med læringsutbyttebeskrivinga er det avgjerande at studentane utviklar metodiske og praktiske ferdigheiter for å kunne utføre si framtidige fagrolle innanfor anerkjende rammer og forventningar.
Øvingsoppgåvene er oppgåver der det blir gitt individuelle og gruppevise tilbakemeldingar. Øvingsoppgåvene blir gitt i øvingsøyemed.
Innlevering av éi til to øvingsoppgåver per emne er arbeidskrav som må vere godkjent før studentane får gå opp til eksamen. Vurderingsuttrykket er godkjent/ikkje godkjent.
Oppgåver som blir gitt til eksamen, kan innehalde teoretiske og/eller praktiske problemstillingar.
Resultatet av skuleeksamen, heimeeksamen og prosjektoppgåve skal gå fram av vitnemålet som blir utarbeidd ved avslutta studium.
Eksamensspråket er i hovudsak norsk.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltagelse på en samling hvert semester, obligatoriske arbeidskrav og eksamen.
Vurderingsform
Før studentane kan ta eksamen, må dei ha fått godkjent obligatoriske arbeidskrav i form av minst éi øvingsoppgåve per emne.
Undervegs i studieprogrammet skal studentane ha gjennomført eksamen i dei obligatoriske emna og minst eitt valfritt emne. Vurderingsuttrykket er karakterskalaen A-F. Karakterane skal gå fram av vitnemålet.
Ved avslutninga av studieprogrammet skal studentane levere ei heimeoppgåve/prosjektoppgåve (6-20 ARBL). Prosjektoppgåva kan utarbeidast og leverast både som ei individuell oppgåve og som ei gruppeoppgåve. Temaet for prosjektoppgåva skal vere knytt til kandidaten sitt fordjupingsområde innanfor utdanningsprogrammet, og ha ei kopling til/samanheng med noverande eller ønskt arbeids-/praksisfelt.
Fordjupings-/prosjektoppgåve levert som gruppeoppgåve, blir vurdert som eit kollektivt arbeid, og bedømminga skjer under eitt for gruppa sine deltakarar. Kandidatane som har bestått den skriftlege delen av prosjektoppgåva, blir kalla inn til individuell munnleg prøve. Kvar student i gruppa må kunne gjere greie for sitt bidrag til oppgåva i den etterfølgjande munnlege prøvinga. Endeleg karakter for den enkelte kandidaten blir fastsett etter at munnleg prøve er gjennomført. Den endelege karakteren kan avvike med inntil éin karakter. Sensorane kan fastsette karakteren F (ikkje bestått) også etter munnleg prøve.
Vurderingsuttrykket er karakterskalaen A-F. Tittel og karakter på prosjektoppgåva blir ført på vitnemålet.
Det er høve til å ta ny eksamen kvart studieår.