Berekraft

 
 

Nøkkelinformasjon

Tilbyder: Folkeuniversitetets fagskole
Studiepoeng: 7,5
Søknadsfrist: Utløpt
Oppstart: 30 okt, 2024
Omfang: 1 semester
Undervisning: Digital undervisning, samt ein samling på Gol

 

Vi sponsar 50% av studieavgifta!

For deg som har adresse i Sogndal, Vik, Luster, Aurland, Lærdal eller Årdal; Vi sponsar deg med 50% av studieavgifta på kr. 10 500! Dette er ein gavepakke i fra Sogn Kompetanse, som vi ynskjer å gje til våre studentar i kommunane vi representerer.

Det vil bli oppstart på Vite Meir Senteret på Kaupanger 30 oktober kl. 09.00 og etter det blir det undervisning 9 onsdagskveldar a’ 4 timer frå kl. 17.00-21.00. Siste forelesing blir 29.1.2025 og avsluttande, skriftleg heimeeksamen blir tidleg i februar.  Det vil bli lagt opp materiell og video i forkant. Sjølve undervisninga vil det ikkje bli teke opptak av. Det er fordi det vil vere mykje gruppearbeid og ikkje lange forelesingar.

Kven passer dette faget for?
Vi anbefaler dette særleg for mellomleiarar eller leiarar innan økonomi og HR. Emnet vil vere særleg aktuelt for dei som har ansvar for å skrive anbod og etter kvart ta seg av rapportering på berekraft.

 Her finn du fullstendig studieplan med detaljert oversikt over faget. https://studiekatalog.edutorium.no/folkeuniversitetet/nb/emne/10-30-LOGKN/2024-var

Kvifor er det lurt å vere med på dette emnet no i haust? Her er nokre av dei viktigaste grunnane.

  1. Emnet går lokalt og er 50% finansiert av Sogn Kompetanse for bedrifter og tilsette som bur i Sogn.

  2. Skal du delta i offentlege anbod er det no slik at klima- og miljøhensyn som hovedregel skal vektast med minimum tretti prosent. Dette blei innført frå 1 januar 2024.
    klima- og miljøhensyn som hovedregel skal vektes med minimum tretti prosent. Les meir her:
    https://anskaffelser.no/nyhetsarkiv/ny-veileder-til-regler-om-klima-og-miljohensyn-i-offentlige-anskaffelser

  3. Det blir stilt stadig høgare krav til kunnskapar om og rapportering på bærekraft. Det har kome eit nytt EU-direktiv som heiter Corporate Sustainability Reporting Directive, forkorta CSRD.
    Direktivet endra EUs rekneskapsdirektiv. Dei nye reglane vil bli innført i Norge frå og med rekneskapsåret 2024 og framover mot 2026. I juni 2024 vedtok Stortinget nye regler i rekneskapslova.
    Dette betyr i klartekst at om nokre få år  -allereie i 2026 er og små og mellomstore verksemder nøydd til å rapportere på bærekraft. Les meir på denne sida til NHO.
    https://www.nho.no/tema/barekraftig-utvikling/artikler/de-nye-eu-reglene-om-rapportering-om-barekraft/

Søknad om midlar for deltakarar.

Det kan vere mogleg å søkje BIO-midlar frå Vestland Fylkeskommune, om ein ønskjer å få dekke inn restavgifta på kr. 5250,-.  Her finn du informasjon om desse midlane.
Siste frist for innsending av søknad for 2024 er 1.oktober.  https://www.vestlandfylke.no/narings--og-samfunnsutvikling/kompetanse-i-arbeidslivet/utlysing-av-bio-midlar/



Innhold og oppbygging

Dette emnet fokuserer på bærekraft i politikk og næringsliv. Det dekker FNs bærekraftsmål, bruk av bærekraftomgrepet i offentleg og privat sektor, og integrering av bærekraft som forretningsmodell. Vidare blir det lagt vekt på bærekraftig logistikk, sirkulære forsyningskjeder, og tiltak for utsleppskutt og grøn logistikk. Studentane vil få ei heilskapleg forståing av bærekraftomgrepet og lære strategiar for betre ressursutnytting.

Læringsutbyttet inkluderer kunnskap om FNs bærekraftsmål, bærekraftrapportering, og påverkinga av varer og tenester på klimaet. Studentane skal kunne organisere verdi- og forsyningskjeder med tanke på bærekraft og forstå korleis sirkulære forsyningskjeder kan auke verdiskaping. Ferdigheitene omfattar identifisering av påverkingar innan bærekraft, vurdering av kost/nytte i verksemda, og berekning av utsleppskutt. Dei vil også lære å setje opp flytskjema for produktlivsløp og identifisere etiske forhold hos leverandørar.

Generell kompetanse inkluderer forståing av FNs bærekraftsmål, utvikling av ei etisk grunnhaldning til det grøne skiftet, og evne til å planlegge og gjennomføre tverrfagleg arbeid med bærekraft som konkurransefaktor. Studentane vil kunne bidra til betre ressursutnytting uavhengig av teknologisk utvikling eller omstrukturering av verdikjeder.

Dette emnet kan inngå i vidare fagskuleløp, som til dømes Arbeidsleiing 60 stp.​

Læringsutbytte

Kandidaten skal:

  • Utvikle forståing for bærekraft og anvende denne til å løysa bærekraftsutfordringar.

  • Kunne analysere bærekraftrapportering og implementering i politikk og næringsliv.

  • Forstå korleis bruk av varer og tenester påverkar klimaet og implementera tiltak for å redusera miljøavtrykket.

  • Identifisera og implementera tiltak for å gjera verdikjeder og forsyningskjeder meir bærekraftige.

  • Anvende sirkulær økonomi og bærekraftige forretningsmodellar for å redusera miljøpåverknad.

  • Bruka livssyklusanalyse og optimeringsteori for å maksimera ressursutnyttinga.

  • Evaluera og implementera bærekraftige løysingar i praksis.

  • Halda seg oppdatert på utviklinga innan bærekraft og anvende ny kunnskap i sitt arbeid.

  • Bidra til forbetring av individuelle praksisar og organisasjonars samla bærekraftige innsats.​

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal vurderast i løpet av og i slutten av semesteret. Vurderingsformene skal vere varierte og nært knytt til måla for studiet. Vurderingane undervegs omfattar øvingsoppgåver og prosjekt-/semesteroppgåver. Dei avsluttande eksamensformene omfattar skriftleg eksamen.

Utdanninga er basert på undervisningsmetoden «omvendt undervisning». Som førebuing til samlingane, får studentane ulike digitale verktøy (filmar, PP-presentasjonar, lydfiler, fagtekstar, quiz og oppgåver). I samlingane vil tema, som studentane har gjennomgått, danne grunnlag for praktisk oppgåvetrening og dialog/refleksjon og arbeid i grupper. Det er også gjennom heile studieløpet tilrettelagde kurs og andre aktivitetar med særleg vekt på ferdigheitstrening. I samsvar med læringsutbyttebeskrivinga er det avgjerande at studentane utviklar metodiske og praktiske ferdigheiter for å kunne utføre si framtidige fagrolle innanfor anerkjende rammer og forventningar.

Øvingsoppgåvene er oppgåver der det blir gitt individuelle og gruppevise tilbakemeldingar. Øvingsoppgåvene blir gitt i øvingsøyemed.

Innlevering av éi til to øvingsoppgåver per emne er arbeidskrav som må vere godkjent før studentane får gå opp til eksamen. Vurderingsuttrykket er godkjent/ikkje godkjent.

Oppgåver som blir gitt til eksamen, kan innehalde teoretiske og/eller praktiske problemstillingar.

Resultatet av eksamen skal gå fram av vitnemålet som blir utarbeidd ved avslutta studium.

Eksamensspråket er i hovudsak norsk.​

Det vil bli oppstart på Vite Meir Senteret på Kaupanger 30 oktober kl. 09.00 og etter det blir det undervisning 9 onsdagskveldar a’ 4 timer frå kl. 17.00-21.00. Siste forelesing blir 29.1.2025 og avsluttande, skriftleg heimeeksamen blir tidleg i februar.  Det vil bli lagt opp materiell og video i forkant. Sjølve undervisninga vil det ikkje bli teke opptak av. Det er fordi det vil vere mykje gruppearbeid og ikkje lange forelesingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltagelse på ei samling i semesteret, obligatoriske arbeidskrav og eksamen.​

Vurderingsform

Før studentane kan ta eksamen, må dei ha fått godkjent obligatoriske arbeidskrav i form av minst éi øvingsoppgåve per emne.

Det er høve til å ta ny eksamen kvart studieår.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Arbeidsleiing

Neste
Neste

Helseleiarutdanning