Digitalisering- og endringsleiing

 
 

Nøkkelinformasjon

Tilbyder: Folkeuniversitetets fagskole
Studiepoeng: 7,5
Søknadsfrist: 1. des 2024
Oppstart: 15. jan 2025
Omfang: 1 semester
Undervisning: Digital undervisning, samt ei samling på Vilvite senteret på Kaupanger

 

Innhold og oppbygging

Digitalisering betyr mellom anna å gjere eit analogt produkt digitalt. Digitalisering er òg prosessen der både offentlege og private verksemder utnyttar digital teknologi for å levere varene og tenestene sine på heilt nye måtar.

Dette emne kan inngå i viare fagskuleløp, som f.eks Arbeidsleiing 60 stp.

Læringsutbytte

Kandidaten skal:

  • ha utvikla forståing for digitalisering og digital transformasjon, som kan gje eit bidrag til utvikling av god praksis for utøving av leiing i forskjellige situasjonar

  • ha utvikla forståing for korleis samspelet mellom teknologi, strategi og rammevilkår kan bidra til organisasjonsutvikling og endringsprosessar

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal vurderast i løpet av og i slutten av semesteret. Vurderingsformene skal vere varierte og nært knytt til måla for studiet. Vurderingane undervegs omfattar øvingsoppgåver og prosjekt-/semesteroppgåver. Dei avsluttande eksamensformene omfattar skriftleg eksamen.

Utdanninga er basert på undervisningsmetoden «omvendt undervisning». Som førebuing til samlingane, får studentane ulike digitale verktøy (filmar, PP-presentasjonar, lydfiler, fagtekstar, quiz og oppgåver). I samlingane vil tema, som studentane har gjennomgått, danne grunnlag for praktisk oppgåvetrening og dialog/refleksjon og arbeid i grupper. Det er også gjennom heile studieløpet tilrettelagde kurs og andre aktivitetar med særleg vekt på ferdigheitstrening. I samsvar med læringsutbyttebeskrivinga er det avgjerande at studentane utviklar metodiske og praktiske ferdigheiter for å kunne utføre si framtidige fagrolle innanfor anerkjende rammer og forventningar.

Øvingsoppgåvene er oppgåver der det blir gitt individuelle og gruppevise tilbakemeldingar. Øvingsoppgåvene blir gitt i øvingsøyemed.

Innlevering av éi til to øvingsoppgåver per emne er arbeidskrav som må vere godkjent før studentane får gå opp til eksamen. Vurderingsuttrykket er godkjent/ikkje godkjent.

Oppgåver som blir gitt til eksamen, kan innehalde teoretiske og/eller praktiske problemstillingar.

Resultatet av eksamen skal gå fram av vitnemålet som blir utarbeidd ved avslutta studium.

Eksamensspråket er i hovudsak norsk.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltagelse på ei samling i semesteret, obligatoriske arbeidskrav og eksamen.​

Vurderingsform

Før studentane kan ta eksamen, må dei ha fått godkjent obligatoriske arbeidskrav i form av minst éi øvingsoppgåve per emne.

Det er høve til å ta ny eksamen kvart studieår..

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Arbeidsleiing

Neste
Neste

Berekraft